Søndag

God søndag folkens!

I dag har eg ikkje gjort anna enn å slappe av, slappe av og slappe av. Mars blir ein travel månad, og eg er allereide sliten. Mitt nye mål: ikkje ta på meg så mykje ansvar. Sjølvsagt er det kjekt å holde på med alt, men det er kjekt å kunne sitte i ro på sofaen også innimellom.

Håper alle har ein strålande søndag! :-)

#Søndag #helg #chill #mars #weheartit

Chill out

Heihei!

I dag er siste dagen min heime hos mamma og pappa før eg reiser tilbake til Bergen i morga tidleg. Eg gledar meg ikkje akkurat til å byrje på skulearbeidet igjen, men det blir godt å komme tilbake til rutinene igjen. I dag har mamma hatt fri frå jobb, så vi var ein tur til Måløy og gjekk litt i butikkar. Eg kjøpte meg mykje nytt garn, så no skal eg strikke meg ei jakke. Eg kjøpte meg også ei ny krimbok på mammutsalg, så eg gledar meg til å ta fatt på den. 

Denne boka er eg akkurat ferdig med, og eg må sei eg likte den svært godt. Veldig lett å lese, og ei veldig søt forteljing. 


PS! Eg legg ofte ut bileter på instagram, "maiablaa". Følg meg! 


#Chillout #hverdag #bøker #vinterferie #leseglede

Heime hos mamma og pappa :-)

Hei alle sammen! 

I går kom eg heim til mamma og pappa, og her skal eg vere i ca ei veke. Det er som vanleg mykje vind og regn her, så i dag har vi holdt oss inne. Eg har sjølvsagt sett på OL, og eg og mamma har baka grove rundstykker, brød og kake i dag. I går når eg kom hadde mamma baka kanelbollar og kveitebollar! Det er godt å komme heim innimellom, for å sei det sånn. 

No sitter vi å ser på høgdepunkta etter OL på tv 2, men det er så dårleg veir ute at tv-signala kjem og går litt. 

 

Her er eit bilete av rundstykka som står til heving. Dei blei kjempe gode!



#mat #kosthold #hjemmelaget #hjemmebakst #vinterferie #bake #baking

Heimreise og OL!!

Heihei!

Dagen i dag har foreløpig gått til pakking, og sjølvsagt OL! Vi har studieveke (Eller vinterferie om du vil) neste veke, så eg skal ta båten heim til Måløy i dag saman med bestevenninna mi, Beate. Håpar bare eg får sett skiskytinga på båten!

No har eg akkurat sett dei fantastiske damene våra ta gull, sølv OG bronse! For eit fantastisk løp! Eg satt her heilt aleine på sofaen og felte nokon tårer. Skjekk det flotte synet!! 






#OLgull #OLsølv #OLbronse #Norge #champions #OL

Hello friday!

Hei allesammen!

No er eg heime ein liten tur mellom forelesning og møte. Vi hadde forelesning frå 08.30-11.15 i dag, og eg skal på eit møte klokka 14.00. Vi har jo studieveke neste veke, og eg er så klar for litt fri at eg ikkje orka å sitte på skulen for å prøve å gjere noko mellom forelesninga og møtet. Eg hadde tenkt å fare til sentrum og vente der, men det hadde bare endt i at eg hadde shoppa, og eg jobbar hardt med å ungå shopping for å spare pengar til eg skal til Paris i mars. Eg gledar meg sånn til Paris!! 



#Paris #Hverdag #jentetur

Kvardagslykke!

Hei allesammen! 

I går samlast heile klassa mi pluss ei venninde av oss heime hos Tonje i klassa mi. Vi var heile 6 stykk! Ja, man kan lett sei at klassa mi er litt lita. Men til gjengjeld er det ein strålande gjeng! Vi har studert saman i snart tre år no, og det nærmar seg slutten. 

Det var veldig koseleg å treffe allesammen igjen, for sjølv om vi kun er 5 stykk i klassa, er det ikkje ofte vi er samla alle på ein gong. Hos Tonje spiste vi frukt og drakk te medan vi prata og venta på dei to siste. Når dei kom laga Tonje nokre nydelege heimelaga scones. Dei var verkeleg kjempe gode. Vi kunne dessverre ikkje få oppskrifta, då ho alltid lagar dei på slump. Men eg skal deffinitivt prøve å utarbeide mi eiga sconesoppskrift etterkvart, for dette vil eg ha meir av! Det var kjempe koseleg å ete kveldsmat saman, og vi satt lenge å prata og kosa oss. Rolf hadde med gitaren, og Tonje har eit piano i stua, så litt musikk blei det også. 

Her har vi gjengen! Jonas, Rolf, Tonje, Iselin og Leah :-) 

#Hverdag #Onsdag #Kos #Kveldsmat #venner

Tildeg treningsøkt!

YESS! I dag er eg faktisk skikkeleg stolt over meg sjølv! Eg klarde å stå opp tidleg i dag og komme meg på spinning klokka 08.15! Eg brukar vanlegvis ikkje å trene på morgonen, og eg pleier aldri å gå aleine på saltimar. No føler eg meg kjempe bra, og gledar meg til å kunne ha det kjekt med god samvittighet resten av dagen. 


#Workout #trening #livsstil #spinning #hverdag 

Tidleg natt!

God kveld allesammen!

No sitt eg på sofaen og er dau trøtt etter ein lang dag med jobbing. Eg har vore på jobb langt ute på Sotra i dag, så eg måtte stå opp grytidleg for å komme meg dit i tide. Det skal bli godt å legge haude på puta i kveld. I morga tidleg skal eg på spinning klokka 08.15, og deretter skal eg på skulen. Eg har så mykje å gjere for tida, så eg prøvar å skvise inn trening der det er muleg. 

Ja, eg er så trøtt akkurat no at eg bare klarde å finne bilete som omhandla søvn. God natt, seier bare eg! 
#Søvn #sove #trøtt #tirsdag #weheartit #hverdag 

Lengsel for vår, sol og Paris!

Slapp søndag!

God kveld allesammen! 

I dag har eg ein roleg søndag og ladar opp til ei ny travel veke. Tidlegare i dag har vi vore hos søskenbarnet til Marius å ete vafler og kake. Og no har eg funne fram kokesjokoladen og herlige hjem på tvnorge.no. 

Eg er svært travel med både skulearbeid, studentrådsarbeid og ikkje minst med å sjå på OL for tida, så eg har ikkje så mykje å dele med dokke. Men her kjem eit bilete av den fantastiske OL-stemninga på NLA Høgskulen i Bergen! 



#OL #OLstemning #søndag #kos 

Sidan sist

Det er ca 4 månadar sidan forge blogginnlegg, og no er eg endeleg tilbake! 

Eg er byrja på mitt siste semester av bacheloren i kristendom og idrett, og det er både spennande og til tider veldig krevande. Men eg er veldig spent på korleis bacheloroppgåva mi blir, og eg er veldig spent på vegen vidare etter bacheloren. 

sidan sist har eg også byrja å strikke litt, og mitt neste mål er å strikke ein gensar. Eg er allereide byrja på ein osloanorakk i str. 6-12 mnd (fordi det var den størelsen som var gratis). Men det er vanskeleg å strikke slike ting når eg aldri har lest ei strikkeoppskrift før, så foreløpig strikkar eg på den når eg reiser heim til mamma og pappa, sånn at mamma kan hjelpe meg. 

Her kjem ein liten collage av nokon av tinga som har skjedd sidan sist! :-)




Onsdagsmorro!

Klokka er 22.40, og det er framleis ikkje 12 timar sidan eg stod opp ein gong. Slapp dag seier du? Til gjengjeld har eg gjort mykje på desse timane. Eg har jobba ein del med pensum medan eg åt ein veldig god frukost/lunsj, og eg har vore ein tur til Måløy for å møte venninna mi, Selvi. Vi gjekk på kraftstasjonen, ein restaurant her i Måløy. Maten var kjempe god, og vi var godt nøgde når vi gjekk derifrå. 

Eg tok ikkje bilete av maten på kraftstasjonen, for det synes eg er litt pinleg, men sidan eg satt aleine å åt frukost, så tok eg bilete av den! Versegod: 

Det er altså heimelaga grovebrød med eggerøre og eit glas heimelaga ripssaft. 



Når eg og Selvi var ferdige å vere i Måløy og skulle gå bort mot bilen igjen, var det antydning til fint veir! Eg såg til og med litt blå himmel! Eg bestemte meg for at eg måtte forte meg heim så eg kunne trene litt ute før det blei mørkt, men allereide i bilturen på vei heim så byrja det å regne igjen. Men ut skulle eg uansett, så eg heiv på meg litt godt med kle og gjekk ein tur med hunden, Noddy. Både eg og han var overlykkelege av å få ei god dose frisk luft. 

Haust-glede!

Noko av det finaste med hausten er å sitte inne med ein kopp te og ullsokkar medan det regnar og bles ute. Akkurat no sitt eg i senga mi under den store varme dyna mi og drikk ein kopp med te. Eg var nemmeleg i Måløy tidlegare i dag for å møte mi kjære venninne, Siri. Når eg dro frå Bergen hadde eg alt med meg så mykje kle at eg ikkje kunne ta med meg fleire par sko, derfor prioriterte eg dei kjempe behagelege, men ikkje så vanntette, joggeskoa mine framfor dei ikkje fult så behagelege vanntette joggeskoa. Med andre ord, eg blei ganske våt på sokkane når eg gjekk heim att i dag. 

Eg tok foresten nokon fine bilete av hunden (Noddy) og eine katten (Leo) i går, så her får dykk ein liten titt på dei! 




//Bileta er teke med min iPhone 4s//

Heime i Deknepollen! HjarteHjarte

På fredag reiste eg heim til Deknepollen, og her skal eg vere i ei heil veke! Det er kjempe deilig å komme heim til mamma og pappa. På lørdag feira vi 50 års dagen til pappa (som var for litt sidan), så no har vi kaker i massevis. Helga var hektisk sidan kjæresten min også var her, og vi hadde mykje vi skulle rekke å gjere. Men no driv eg bare å slappar av og jobbar ein del med pensum. Ledelsesfag er så utruleg interessant, så det er faktisk ikkje så gale å bruke tid på pensum. Vi har jo ikkje haustferie, men stuieveke. Og det er nettopp det eg skal bruke den til, einaste forskjellen frå ellers er at eg er heime hos mamma og pappa og ikkje i Bergen. 

Eg har til og med manna (kvinna?) meg opp til å kjøyre den nye bilen til mamma og pappa! Den har automatgir, så eg var litt skeptisk sidan eg i utgangspunktet ikkje likar å kjøyre bil. Men det var jo kjempe greier å kjøyre med automatgir! Nesten litt for lett, til og med! 

 

Eg driv foresten å øvar meg på å strikke, så derfor legger eg ved eit knall søtt bilete av eine katten med nøstet mitt. 




Sabbatsfeiring og heimelaga pitabrød!

På fredag var eg hos to av dei eg var i Israel saman med i sommar. Når vi var i Israel studerte vi religionane, og fekk eit godt inblikk i kulturen. Blandt anna feira vi sabbaten når vi var der. Sabbaten er jødane sin kviledag. Den startar ved solnedgang på fredag, og varar heilt til solnedgang på lørdag. På sabbaten skal dei ikkje jobbe eller gjere noko anstrengandes eller husarbeid. Så på fredag i 19 tida byrja vi å lage heimelaga pitabrød, som vi skulle bruke som sabbatsbrød (sjølv om det eigentleg skal vere eit fletta brød). oppskrifta fann vi på Tine Meieri si heimeside. Vi fann ut vi ville lage pitabrød sidan det er så fort gjort, og fordi vi åt mykje pitabrød når vi var i Israel. Vi laga deiga, så laga vi små flate sirklar, og deretter steikte vi dei på steikepanna. 



Fine Elise som steiker pitabrød!



Og fine Marte! 




Det var kjempe koseleg med litt mimring frå Israelsturen medan vi åt ferske pitabrød, vafler og godteri. 

Trening og sunn lunsj

Hei kjære lesarar! 

Den siste tida har det blitt lite trening og mykje dritt mat. Og det er sant som ein seier, ein blir det man eter, for no føler eg meg skikkeleg dritt! Eg elskar jo å trene, og eg likar best sunn mat, men av og til detter man ut av vanene. Eg bekymrar meg aldri over sånt, for det går ikkje på viljestyrke, og det er lett å komme inn i gamle rutiner. Så no har eg tatt grep, og er klar for å komme tilbake for fult. I kveld skal eg trene saman med Vera. Eg tenkte å ta ei sykkeløkt, og litt styrke. 

Til lunsj i dag hadde eg med meg ein matboksboks med grovebrød og krydderskinke, og nokre druer og ein boks med salatblad. 



Eg eter vanligvis kun kalkunskinke, men sidan skinke frå nordfjord var på salg på rema 1000, så kjøpte eg det i staden. Og det var veldig etandes!


FOR ei helg!

Som sagt på fredag, så fekk eg besøk av store systa mi, og eg var i bursdag til Maria. Det var kjempe kjekt! Eg har ikkje tenkt å skrive noko meir enn det, men her kjem eit bilete! 

På lørdag var eg, store systa mi og kjærasten min hos onkel. På søndag var det nemleg dåp, så ein del familie var der. Dåpen på søndag var for lille Sofia, mitt yngste søskenbarn. Ho er verkeleg herleg! Og eg er så heldig at eg fekk vere fadder for det lille gullet. :-) Eg har ikkje tenkt å legge ut bilete av dåpsbarnet, iallfall ikkje enda. Men dokke skal få sjå den NYDELEGE kaka! 


Ikkje bare såg den kjempe fin ut, men den smakte faktisk kjempe godt også. 

Helga blei avslutta med peppes pizza og avslapping på sofaen saman med min kjære. Med andre ord, ei veldig bra helg! 

Hipp hurra for helg!

Hei folkens!

I dag var planen å vere på skulen fram til klokka 11 for å lese, for så å fare inn til sentrum å møte systa mi som skal vere her i helga. Men sidan senga var veldig behagelig, og eg skal vere oppe seint i kveld, så fann eg ut at eg like så godt kunne sove litt lenger. Derfor brukte eg heller litt tid på å rydde i leiligheta før systa mi kom. Klokka 11 dro eg inn til sentrum for å møte ho, så for vi saman heim til meg. 

No sitt ho å gjer ferdig litt skulearbeid før vi skal inn til sentrum igjen for å shoppe litt. Så i mellomtida bloggar eg litt og skal straks ta til å vaske gulvet på kjøkkenet. 

I byen skal eg sjå om eg finn eit par fine sko til å ha i dåpen på søndag, og ein kjole som eg kan ha når eg skal i bursdag til Maria i kveld. 

Har foresten ikkje lagt ut bilete av mi nye frisyre, så her kjem det: 




Kajakktur og fyrstehjelpskurs

God formiddag alle der ute!

I skrivande stund sitt eg på bussen frå Bergen til Førde. Eg skal nemleg på fyrstehjelpskurs i Førde i helga gjennom med røde kors.

Frå søndag til onsdag var eg på kajakktur med "klassa" mi. Eg studerar idrett og leiing på det 3. Året i bacheloren min i kristendom og idrett. Det var kjempe kjekt på turen, vi padla mykje, sov i telt, fekk mykje leiartrening, og hadde det ellers veldig fint saman.

Vi sov på ulike stadar kvar natt, så kvar morgon måtte vi pakke saman telta og pakke tinga ned i kajakken igjen.

Det var deilig å komme heim att, men eg saknar gjengen og kajakkpadlinga allereide.

Torsdagskos!

God kveld kjære blogglesarar! 

Det er nesten natt allereide, men i staden for å ligge å sove, så sitter eg og ser på "Bones" på nettflix. Avhengig, eg? Neeeida! Men sånn på ekte så er ikkje eg det, asso. Det er bare kjempe spennande (sjølv om eg har sett alle episodane før). 

I dag hadde vi ikkje forelesning, og eg mangla ei bok som eg skal bruke til ei framføring. Derfor gikk eg på studia saman med Rolf for å kjøpe boka. Han trengte også boka, og vi har framføring saman. Sidan vi fyrst var på studentsenteret, gikk vi å trena også. Det blei ei god økt, og eg kjenner det GODT i beina! Etter trening blei eg med heim til Rolf for å ete middag. Det er alltid så kjekt å vere med Rolf! 



I morga skal eg til XXL sport for å kjøpe inn nokre småting til kajakkturen vi skal på med studiet mitt fra søndag til onsdag. Og på kvelden skal eg på spillkveld hos Beate! 2 bra dagar på rad :-) 

Eg håpar alle dokke har hatt ein bra dag også! :-)

Lørdag 31.august

Det er lørdag, og i kveld skal kaizers holde konsert i Bergen. Mange av mine venna skal dit, og mange har spurt om eg vil vere med. Dessverre for meg har eg ikkje råda til å fare på konsert akkurat no, så i staden sitter eg her heime og misunnar dei som skal på konsert i kveld. Men det gjer meg eigentlig ikkje så mykje, eg skal heller finne på noko kjekt saman med kjæresten min :-)

I dag har eg brukt dagen på å rydde klesskapet mitt, skifta sengekle, vaska opp, støvuga, og rydda litt meir. Så det var deilig å kunne sette seg ned med ein kopp te og bones på tv-skjermen. 

Skal du på konsert i kveld? 

Slapp fredag!

Dag nummer 2 med sjuk gangsperre! Det er lenge sida eg har fått så mykje gangsperre, men det er jo eit tydeleg tegn på at eg ikkje har trent nok over sommaren. Det blir iallfall godt å komme i form igjen. I dag blei det ein slapp start på dagen. Eg er rett og slett sliten etter å ha studert i heile sommar. Det blei ikkje meir enn 2 dagar fri før eg byrja på neste semester, så det er deilig å bare bestemme seg for at eg skal ha ein heilt slapp dag der eg kan sitte å sjå på tv og lese noko anna enn pensum. 

Til frukost i dag laga eg havregraut og toppa den med sukker, kanel og norske epler. Når dei norske epla kjem i butikken, då er det haust! 



No sitter eg å ser på Bones på nettflix. Bones er ein serie som handlar om nokon som jobbar med å løyse mordsakar.Det er kjempe spennande, og samtidig morosamt. 

Seinare skal eg gjere noko litt meir nyttig. Eg har iallfall planar om å få vaska litt i leiligheta. 

Håper alle har ein fin dag! 

Endeleg tid til trening igjen!

I dag hadde eg mi fyrste skikkelege treningsøkt på lenge! Eg og ei venninne, Vera, var å trena saman. Vi hadde oppvarming der eg sykla og ho jogga i 20 min, deretter trena vi bein ved hjelp av ulige apparater og knebøy med vekter.Etter eit sommarsemester i Israel, etterfulgt av ei veldig intensiv eksamensperiode, blei det ikkje mykje tid eller energi til trening i sommar. Eg har til og med lagt på meg litt på magen! Men det gjer meg eigentleg ingenting. Sjølvsakt likar eg å vere i god form, men eg trenar fyrst og framst fordi det er kjekt og fordi det får meg til å føle meg vel. Men om eg legger på meg litt så går ikkje det utover sjølvbiletet mitt på nokon måte.

No held eg på å lage meg ostesmørbrød i ovnen og ein kopp med te som eg skal kose meg med før det er leggetid.

 

Har du trena i dag?

Føler du deg uvel dersom du legger på deg litt? 

Fadderveke-update og frukost!

Fy søren så trøtt eg er om dagane. Det er nok fordi eg har sjukt mykje greier å tenke på og gjere i forbindelse med fadderveka! Men kjekt er det jo! I går hadde vi idrettsdag, noko som var veldig vellykka. Folk spelte fortball og volleyball, og mange grilla. Det var god stemning!! I dag skal vi ha rebusløp, noko som blir veldig spennande. Det er jo regn og greier her i Bergen, så det kan bli ein våt dag. Men bur man i Bergen er det ikkje vits i å sitte inne kvar gong det regnar. Utkledningstemaet for kvelden er PYSJAMAS! Det blir nok utruleg festlig, og eg håpar at folk verkeleg drar det langt! 

No skal eg straks gjer meg klar for å fare å møte faddergruppa før rebusløpet startar. I mellomtida sitt eg og eter havregraut. NAM!

 
(Dette biletet er eigentleg tatt ein anna gong eg åt havregraut, men eg gadd ikkje å ta eit nytt)

FADDERVEKE!

Jada, eg lever faktisk enda! Og no er vi i full gang med fadderveka på NLA høgskolen i Bergen! Hittil har vi hatt fadderkickoff på mandag, for alle fadderane, quiz på tirsdag, og studentvandring i går. I går hadde vi også utkledning: TURISTAR! Det va mange hysteriske kostymer ute og gikk. I dag er det klart for idrettsdag, og det gledar eg meg til. Men fram til då sitter eg i sofaen med pledd, ein kopp te og deilige kanelknekkebrød med banan. LIVET!



Eg legger ut bilder på instagram undervegs i veka. Følg meg! "maiablaa" :-)

Back from Israel!

Shallom everybody! 

Som nokon kanskje har lagt merke til, så det ikkje komt eit einaste blogginlegg i heile sommar! Men frykt ikkje, eg har ein svært god grunn. Eg har nemmeleg tilbrakt sommaren i Israel, der eg har tatt eit sommarsemester på 30 studiepoeng saman med en god gjeng frå NLA Høgskolen. Intensivt seie du? Jepp! Og ikkje nok med det, eg har framleis to eksamen igjen. Derfor kjem ikkje biletene frå Isrealsturen med det fyrste, men dersom du er akutt nyfiken på kva vi har gjort, så kan du ta ein titt innom NLA-bloggen vår som blei oppdatert underveis: http://nlahogskolen.blogspot.no/2013

Akkurat no har eg pause frå pensumlesninga, medan eg eter frukost. 

Frukosten min i dag er halvsteikte baguettar som eg har delt i to og lagt på ost og chillikrydder før dei blei steikt i omnen. NAM!




Snart ISRAEL!

En ting eg ikkje har skrive her inne på bloggen enda, er at eg skal vere i Israel i ein månad i sommar for å ta eit sommarsemester. Det er gjennom NLA Høgskulen, og forelesarane er ansatte på NLA. Og i dag er det ei veke igjen til eg reiser!! Eg gledar meg kjempe mykje til å vere i Israel, men eg gruar meg litt til å ha 3 eksamen til. 

Eit bilete av den lettare solbrente meg som gledar meg:

Det kjem nok til å bli litt lite blogging i sommar sidan eg ikkje veit kor bra internett og kor mykje tid eg kjem til å ha. Ikkje det at eg har vore så aktiv dei siste vekene uansett, då men. 

BILDEDRYSS

Her kjem dei lova bileta frå når eg var heime i vågsøy på 17.mai og pinsehelga! 

 





Klar, ferdig, Stoltzen!

Endeleg eit nytt innlegg! wohoo! Den siste tida har eg hatt full konsentrasjon mot eksamen. Og i går var eg endeleg ferdig! Det føles godt. Eg skal jo lese på fleire eksamenar, men det tar eg ikkje i dag. I dag skal eg bare nyte dagen! Eg sov til klokka 10, det er det lengste eg har sove på ei stund no, og det var super deilig. No sitter eg å eter litt frukost og forberedar meg til ein fjelltur saman med Camilla. Eller, fjelltur og fjelltur, det er jo eigentleg bare masse trapper, så eg reknar ikkje Stoltzen som ein fjelltur akkurat. Det er heller lår og kondisonstrening utandørs. Det har blitt lite tid til overs til trening dei siste dagane, så no gledar eg meg til ein fjelltur i solsteiken.




Eg var foresten heime hos mamma og pappa sist helg, for å feire 17.mai, så det kjem litt bilete frå dette seinare i dag eller i morga, så følg med! 

Min tirsdag så langt!

God formiddag kjære lesara! I dag byrja eg dagen med ei treningsøkt klokka 9 saman med Camilla. Etter det hadde eg planar om å sitte på studentsenteret og lese litt,  men eg hadde sånn maneknip at eg gikk heim i staden.Eg har veldig ofte mageknip for tida, og eg mistenker at disse tre har skylda: eple, gulrot og laktose. Eg har jo i utgangspunktet kutta laktose ut av kosthaldet mitt, og då kom det seg veldig mykje. Meg eg får ikkje testa meg enda, fordi det er masse styr med å få fastlege i Bergen i stadenfor Måløy. For det fyrste tok det ein halv månad før det blei registrert, og no må eg ordne med å få oversendt journalane. 

No har eg slappa av litt og ete litt meir mat, og mageknipa har gått over. Eg skal på eit kurs klokka 16.00, så eg tenker å bare sitte å lese litt her heime før eg går på kurset. Det var uansett veldig greit at eg slepp å dra med meg treningsbag og ein tung sekk på det kurset. 

 

Ei skål med druer og banan

 

Det er foresten veldig rart veir i Bergen om dagane! Det kan vere sol og blå himmen i det eine øyeblikket, og MASSE regn i det neste. Det er virkelig vanskeleg å kle seg... I går hadde eg besøk av Elin, og når ho skulle heim så følgde eg ho til bussen. Det var kjempe fint veir når vi gikk til bussen, men nesten med ei gong ho hadde satt seg på bussen og eg skulle gå heim igjen, så kom regnet i STORE mengder! 

Sånn såg eg ut når eg kom heim igjen




Les mer i arkivet » Mars 2014 » Februar 2014 » Oktober 2013
hits